Arkiver for september, 2010

Ferie med hund

Posted in Hund on september 10, 2010 by Torill

Det er ei stund sidan ferien er over no. Men med hund, måtte det nesten bli campingferie i år og turen gikk til Gotland. Ein lang biltur for ein liten hund, men det gikk veldig fint. Mira var fornøgd og fikk være masse ute! Det var mykje flått i området, og sjølv med flåttmiddel måtte vi fjerne ein nesten kvar dag. Kanskje det er verdt å prøve flåttbånd i staden?

At hundens stamfar er ulven er heller ikkje vanskelig å forstå. Svenske campingturistar måtte i år bære over med ulveliknande rop når Mira måtte vente på matmor utanfor campingvogna. Morsomt for nokon, og sikkert til irritasjon for andre. Glad blei ho som alltid når ventetida var over!