Archive for the Atferd Category

Miljøtrening

Posted in Atferd on april 18, 2010 by Torill

Det er viktig å venne hunden til nye miljø heilt fra starten. Miljøtrening er viktig for å opprettholde hundens tillit til folk og dyr, og for å lære den å takle ulike miljøer. Her er nokre stader som er kryssa av på vår  miljøtreningsliste:

  • Bil
  • Buss
  • Heis
  • Tog? (Fløybanen…)
  • By
  • Parkeringshus
  • Venner og families hus
  • Attraktivt turområde med mange menneske og hundar
  • Hundeskole, der vi har møtt andre  kvalpar og andre dyr i området
  • Dyrlege…
Miljøtrening på Fløyen

Miljøtrening på Fløyen

Advertisements

Valpekurs

Posted in Atferd on april 7, 2010 by Torill

Sidan det er første gang vi har hund, har vi valgt å gå på valpekurs. Vi går på Fjellanger Hundeskole, som held kurset ved Stend Jordbruksskole i Fana.  Artig at NRK Førkveld akkurat har laga ein serie kalt «Hund og Henne», nettopp fra Fjellanger.

No er 4 av 8 kurskveldar tilbakelagt, og det har vore veldig kjekt og lærerikt. Kvar kurskveld består i 1 time praksis og 1 time teori. I prakisdelen har vi så langt øvd på og fått erfaringar med:

  • Oppnå augekontakt med hunden
  • Inkalling, med ei rekke forstyrrande kvalpar som tilskuarar
  • Gå pent i band
  • Sosialisering og leik med andre kvalpar
  • Hilse pent på andre

Her benyttar vi oss av klikkertrening under belønning. Praksisdelen kunne godt vore litt meir effektiv, det har enkelte kveldar blitt litt vel mykje venting. Uansett kan valpekurset absolutt anbefalast.

Vi i teoridelen har vi så langt gått igjennom

Vi har mista ein teoridel, men på Fjellanger sine nettsider ligg det heldigvis mykje  temastoff og artiklar.

For å få ein glad hund som fungerer ilag med oss sære mennesker, er det viktig å forstå hunden, og å vise den kva som er bra og ikkje fult så bra gjennom riktig belønning. Vi er godt på vei, og gledar oss til siste del av kurset!

Mmmm, godbit!