Archive for the Hund Category

Ut på tur…

Posted in Hund on oktober 15, 2010 by Torill

Når det regnar er det ikkje lett å få kresne hundar ut på tur. Mira er nemlig litt fin på det med å bli våt i pelsen. Med fire stive bein står ho bom fast, og eg må dra ho etter meg. Ho må til slutt gi tapt for matmor (som prøver å være litt streng…), men søker stadig ly i busskur og andre overbygg som dukkar opp på veien. Derfor nyt vi no lange turar i det flotte høstværet.

Fine Mira på tur

Advertisements

Ferie med hund

Posted in Hund on september 10, 2010 by Torill

Det er ei stund sidan ferien er over no. Men med hund, måtte det nesten bli campingferie i år og turen gikk til Gotland. Ein lang biltur for ein liten hund, men det gikk veldig fint. Mira var fornøgd og fikk være masse ute! Det var mykje flått i området, og sjølv med flåttmiddel måtte vi fjerne ein nesten kvar dag. Kanskje det er verdt å prøve flåttbånd i staden?

At hundens stamfar er ulven er heller ikkje vanskelig å forstå. Svenske campingturistar måtte i år bære over med ulveliknande rop når Mira måtte vente på matmor utanfor campingvogna. Morsomt for nokon, og sikkert til irritasjon for andre. Glad blei ho som alltid når ventetida var over!

Valg av hund

Posted in Hund, Valp on mars 28, 2010 by Torill

Det er fleire ting ein skal ta hensyn til når ein skal velge hunderase, alle kvalpar er  jo så nydelige uansett. Valget falt på Amerikansk Cocker Spaniel, blant anna fordi den…

  1. har eg alltid likt fra eg var liten, kanskje påvirka av «Lady og landstykeren»?
  2. egnar seg som jakthund (etter ønske fra matfar)
  3. har en hendig størrelse, gjer den lett å ta med eller få nokon til å passe
  4. krever ganske mykje stell, som gir nærhet mellom hund og eigar
  5. likar å gå lange turar, og får oss meir ut av sofaen(veit ikkje kor mange gonger eg egentlig skulle ut og gå ein tur så blei det berre aldri noko av…) .

Mira er veldig aktiv, tillitsfull og halen lograr alltid. Det er krevande med kvalp, men åh så kjekt og spennande!