Så blei det kvit jul i år også.

Posted in Foto on desember 25, 2010 by Torill

Ut på tur…

Posted in Hund on oktober 15, 2010 by Torill

Når det regnar er det ikkje lett å få kresne hundar ut på tur. Mira er nemlig litt fin på det med å bli våt i pelsen. Med fire stive bein står ho bom fast, og eg må dra ho etter meg. Ho må til slutt gi tapt for matmor (som prøver å være litt streng…), men søker stadig ly i busskur og andre overbygg som dukkar opp på veien. Derfor nyt vi no lange turar i det flotte høstværet.

Fine Mira på tur

Ferie med hund

Posted in Hund on september 10, 2010 by Torill

Det er ei stund sidan ferien er over no. Men med hund, måtte det nesten bli campingferie i år og turen gikk til Gotland. Ein lang biltur for ein liten hund, men det gikk veldig fint. Mira var fornøgd og fikk være masse ute! Det var mykje flått i området, og sjølv med flåttmiddel måtte vi fjerne ein nesten kvar dag. Kanskje det er verdt å prøve flåttbånd i staden?

At hundens stamfar er ulven er heller ikkje vanskelig å forstå. Svenske campingturistar måtte i år bære over med ulveliknande rop når Mira måtte vente på matmor utanfor campingvogna. Morsomt for nokon, og sikkert til irritasjon for andre. Glad blei ho som alltid når ventetida var over!

Lukka er…

Posted in Valp on juli 9, 2010 by Torill

Å nyte livet i en sandhaug, mens andre grev i hagen og malar eit heilt hus…

Gøy på landet

Posted in Foto, Valp on mai 26, 2010 by Torill

I Pinsehelga har vi vore i Jølster. Mira har fått sprunge langt etter ballane.Til og med fått seg ein dukkert i dammen i hagen til sjølvaste Jostein Kjøsnes.

Ho har hatt det så kjekt, at ho blei att ei veke på ferie. For det er vel berre å starte trening med eit lengre opphald for matmor også…

Hundefeber

Posted in Valp on mai 1, 2010 by Torill

Det går hundefeber i nabolaget, og vi har fått oss ny nabohund!  Ein herlig Engelsk Springer Spaniel. No blir det mykje leik og morro utover våren.

Miljøtrening

Posted in Atferd on april 18, 2010 by Torill

Det er viktig å venne hunden til nye miljø heilt fra starten. Miljøtrening er viktig for å opprettholde hundens tillit til folk og dyr, og for å lære den å takle ulike miljøer. Her er nokre stader som er kryssa av på vår  miljøtreningsliste:

  • Bil
  • Buss
  • Heis
  • Tog? (Fløybanen…)
  • By
  • Parkeringshus
  • Venner og families hus
  • Attraktivt turområde med mange menneske og hundar
  • Hundeskole, der vi har møtt andre  kvalpar og andre dyr i området
  • Dyrlege…
Miljøtrening på Fløyen

Miljøtrening på Fløyen

Valpekurs

Posted in Atferd on april 7, 2010 by Torill

Sidan det er første gang vi har hund, har vi valgt å gå på valpekurs. Vi går på Fjellanger Hundeskole, som held kurset ved Stend Jordbruksskole i Fana.  Artig at NRK Førkveld akkurat har laga ein serie kalt «Hund og Henne», nettopp fra Fjellanger.

No er 4 av 8 kurskveldar tilbakelagt, og det har vore veldig kjekt og lærerikt. Kvar kurskveld består i 1 time praksis og 1 time teori. I prakisdelen har vi så langt øvd på og fått erfaringar med:

  • Oppnå augekontakt med hunden
  • Inkalling, med ei rekke forstyrrande kvalpar som tilskuarar
  • Gå pent i band
  • Sosialisering og leik med andre kvalpar
  • Hilse pent på andre

Her benyttar vi oss av klikkertrening under belønning. Praksisdelen kunne godt vore litt meir effektiv, det har enkelte kveldar blitt litt vel mykje venting. Uansett kan valpekurset absolutt anbefalast.

Vi i teoridelen har vi så langt gått igjennom

Vi har mista ein teoridel, men på Fjellanger sine nettsider ligg det heldigvis mykje  temastoff og artiklar.

For å få ein glad hund som fungerer ilag med oss sære mennesker, er det viktig å forstå hunden, og å vise den kva som er bra og ikkje fult så bra gjennom riktig belønning. Vi er godt på vei, og gledar oss til siste del av kurset!

Mmmm, godbit!

Kvalpetida flyr

Posted in Valp on april 5, 2010 by Torill

Tida flyr og Mira veks så veldig fort. Heldigvis har vi vore flinke til å ta masse fine bilder underveis! Mira poserer villig foran kamera mot ein liten pølsebit.

Valg av hund

Posted in Hund, Valp on mars 28, 2010 by Torill

Det er fleire ting ein skal ta hensyn til når ein skal velge hunderase, alle kvalpar er  jo så nydelige uansett. Valget falt på Amerikansk Cocker Spaniel, blant anna fordi den…

  1. har eg alltid likt fra eg var liten, kanskje påvirka av «Lady og landstykeren»?
  2. egnar seg som jakthund (etter ønske fra matfar)
  3. har en hendig størrelse, gjer den lett å ta med eller få nokon til å passe
  4. krever ganske mykje stell, som gir nærhet mellom hund og eigar
  5. likar å gå lange turar, og får oss meir ut av sofaen(veit ikkje kor mange gonger eg egentlig skulle ut og gå ein tur så blei det berre aldri noko av…) .

Mira er veldig aktiv, tillitsfull og halen lograr alltid. Det er krevande med kvalp, men åh så kjekt og spennande!